Dato: 02.09.2007
Stad: Oulu/Uleåborg
sykla: t/r stasjonen
ErDetLangtIgjen.No? Trondheim: 748 km
I går kom me til Oulu, og me flotta oss med campinghytte på campingplassen Nallikari camping. Den ligg ute mot havet og et kort stykke frå sentrum. Det har vore ein god del regn og russkevär, så me ville pröve noko anna enn telt. På campingen er det trålöst internet, men den bärbare pc'en satte me igjen heime (snodig), så det blir blogging frå biblioteket.
Oulu er ein trivelig by omtrent på samme störrelse som Trondheim. Det er også ein unviversitetsby og ligg like ved Östersjöen. Förste delen av fridagen gjekk med til å sende Åse heimover med tog. Bussen ho egentlig skulle ta dukka ikkje opp, og det var ingen rutetabellar å finne og busstasjonen var såklart stengt på ein sundag. Rednigen blei tog nokre timar seinare. Så nå er me bare to syklistar igjen.
Finland er eit land med masse skog. Nesten heile strekningen me har sykla har fåregått i dei "stora, finska skogarna". På vegen inn mot Oulu var det finne sykkelstiar som tidvis gjekk gjennom byggefelt, og då fekk sett at finnane faktisk bur i skogen. Det er ikkje bare skogane og vegane som er endelause, stadsnavna på skilta her er til tider så lange at ein ikkje hugsar förste delen av ordet når ein närmar seg å ha lest det ferdig. Lastebilane her er også skummelt lange, men det er vel for å kunne få med seg mest mulig tömmer. Skogen er overfylt med både blåbär og tyttebär. Det virkar ikkje som om finnane rekk over å plukke med seg alt, sjölv om me eit par stader har sett bäroppkjöperar som får levert enorme mengder bär. Rundtomkring på oppslagstavler er det hengt opp plakat om mesterskap i tyttebärplukkeing. Det virkar artig. Det er iallefall nok bär å ta av for at det skal bli rettferdig.
Slik vi husker Finland.
Lunsj en vanlig dag på jobben.
N64° 46.658 E026° 15.967
Dette er gjesteskribenten MorÅse. Den første og eneste. Finland består av endeløse veier omkranset av skog. Iblant er det koselige stugor med masse blomster rundt. Langs veien vi sykler kjennes lukten av tømmer, myr og møkkaspreiing, og om kvelden sure sokker. Det er en glede å være med Elina og Ståle når de passerte 18000 kilometer i dag. En hilsen til familie, venner og kjente og kolleger. Elina og Ståle kommer snart hjem. Takk for turfølge. Hilsen MorÅse.
Ikke mulig å få fred fra den linselusa.
<< Forrige/prev 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 Neste/next >>